Fauré Requiem 8. november
Gabriel Fauré sitt Requiem er kanskje eitt av dei mest kjende korverka, og mange vil også meina at det er eitt av dei vakraste. Tematikken og musikken passar godt i den tida vi lever i. I ei verd som er dyster og uroleg, og der mange uroar seg for framtida, kjem Fauré sine tonar med lindring og håp. Gabriel Fauré sitt Requiem er lyst og vakkert, og formidlar trua på eit liv etter døden der mennesket kan finna fred og kvile.

Verket blir ofte framført av orkester og store kor. Slik blir det ikkje denne gongen. Arrangementet Os Vocalis vil bruka er eit neddempa firstemmig arrangement for damekor og orgel, med sopran- og barytonsolistar. Verket skal framførast to gongar, først i Nore Neset kyrkje, deretter i Mariakirken i Bergen. Desse kyrkjene har akustiske kvalitetar som passar godt til denne typen meir intime framføringar. Og ikkje minst har vi med oss strålande solistar i dei to profesjonelle songarane Ingvill Holter (sopran) og vår eigen dirigent Ørjan Hartveit (baryton), og Jonas Apeland Salomonsen på orgel.