Fauré Requiem

Gabriel Fauré sitt Requiem er kanskje eitt av dei mest kjende korverka, og mange vil også meina at det er eitt av dei vakraste. Tematikken og musikken passar godt i den tida vi lever i. I ei verd som er dyster og uroleg, og der mange uroar seg for framtida, kjem Fauré sine tonar med lindring og håp. Gabriel Fauré sitt Requiem er lyst og vakkert, og formidlar trua på eit liv etter døden der mennesket kan finna fred og kvile.

page view image
Dátum podujatia

Sobota 17 Okt 2026 16:30

Končí Sobota 17 Okt 2026 18:30
objednať

Dostupné položky

Billett
Billett
event image

Informácie o podujatí

Verket blir ofte framført av orkester og store kor. Slik blir det ikkje denne gongen. Arrangementet Os Vocalis vil bruka er eit neddempa firstemmig arrangement for damekor og orgel, med sopran- og barytonsolistar. Verket framførast i St Paul kirke i Bergen med strålande solistar i dei to profesjonelle songarane Ingvill Holter (sopran) og vår eigen dirigent Ørjan Hartveit (baryton), og Jonas Apeland Salomonsen på orgel.

Štítky

kormusikk
damekor
klassisk
musikk
sakral
faure
sanktpaul
ørjanhartveit
ingvillholter
jonasapelandsalomonsen
Organizátor
Os Vocalis